Storslått opning av Orkesteråret 2024
I år fyller De Unges Orkesterforbund 50 år. Laurdag gjekk startskotet for jubileumsåret, kalla Orkesteråret, med opningskonsert i Oslo Konserthus. Hennar Majestet Dronninga deltok i feiringa.
På scena i konsertlokalet sat Oslo-filharmonien side om side med unge musikarar frå Vestre Aker strykeorkester og NOR59. Dei serverte ein hitparade av kjende melodiar og filmmusikkstykke under leiing av dirigent Aage Richard Meyer.
Dronning Sonja møter unge musikarar etter konserten. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet
Jubileumsåret har fått ein eigen kjenningsmelodi, bestillingsverket "Festivity" av Ingebjørg Wilhelmsen, som opna konserten. Til opningsnummeret var det henta inn ytterlegare forsterkingar og unge musikarar frå fleire av jubilantens medlemsorkester.
Før konsertens siste nummer, "Pomp and Circumstance nr. 1” av Edward Elgar, reiste publikum seg, vifta med Orkesteråret-flagg og song “Vi elskar orkester. Vi spelar på lag,” til den høgtidelege melodien.
Unge og vaksne musikarar på scena i Oslo Konserthus. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet
Kvar veke møtast 5500 barn og unge for å spele saman i eitt av landets 175 barne- og ungdomsorkester.
Organisasjonen for barne- og ungdomsorkester, kalla UNOF – De Unges Orkesterforbund, vart oppretta i april 1974. 50-årsjubileet vert markert med orkesterarrangement over heile landet gjennom heile 2024, frå Longyearbyen Symfoniorkester i nord til Obotigrene i Kristiansand i sør.
Dronning Sonja er De Unges Orkesterforbund og Oslo-filharmoniens høge beskyttar.
Konferansier Sigrid Bonde Tusvik og ungdomsambassadørane Inger-Eline Katla Botilsrud og Signe Stensaker fekk publikum med på fellessong og filmmusikk-gjettelek. Aage Richard Meyer er dirigent. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet
Aktuelle saker
Utnevnelse til St. Olavs Orden
H.M. Kongen har utnevnt artist, komponist, pianist og forfatter Ingrid Bjørnov, Tomter til Kommandør av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden.
Byutvikling og natur i Oslo
Grønn omstilling, bærekraft og byutvikling er tema under statsbesøket fra Danmark, og i dag ble Deres Majesteter Kong Frederik og Dronning Mary bedre kjent med Oslo - både byen og naturen omkring.