Serbias president i audiens
Hans Majestet Kongen tok imot President Aleksandar Vučić i audiens på Slottet. Den serbiske presidenten er på eit to dagar langt offisielt besøk til Noreg med program i Oslo og Trondheim.
Den Høgvørde Kronprinsen var òg til stades under audiensen i dag.
Stortingspresident Masud Gharahkhani tok imot President Aleksandar Vučić da han kom til Stortinget i dag tidleg. Energi og grøn omstilling var tema for dei politiske samtalane. Statsminister Jonas Gahr Støre var vertskap for ein offisiell lunsj til ære for Presidenten. Måndag kveld skal Vučić delta i ein middag med norske energiaktørar.
Det offisielle besøket til President Vučić blir avslutta i Trondheim tysdag, med omvising på NTNU og Sintef og ei innføring i arbeidet deira med fornybare energiløysingar.
Aktuelle saker
Utnemning til St. Olavs Orden
Hans Majestet Kongen har utnemnt professor Tore Marvin Undeland, Heimdal, til Ridder 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden.
Bislett Games 2024
Torsdag kveld var verdenseliten i friidrett samlet under Bislett Games i Oslo. Hans Kongelige Høyhet Kronprinsen var til stede under Diamond League-stevnet.