Kronprins Haakon møtte Estlands president
Hans Eksellense President Alar Karis er på offisielt besøk i Noreg. Den Høgvørde Kronprinsregenten tok i ettermiddag imot presidenten til audiens på Slottet.
Etter audiensen var Kronprins Haakon vert for ein lunsj til ære for Presidenten.
I dag tidleg vart president Alar Karis motteken av stortingspresident Masud Gharahkhani på Løvebakken. Etter samtalane med stortingspresidenten møtte Karis leiinga i utanriks- og forsvarskomitéen på Stortinget.
Nordområda og tryggingspolitikk stod på programmet da Presidenten møtte forskarar ved Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) etter besøket på Stortinget.
President Alar Karis, som har vore Estlands president sidan oktober i fjor, vart motteken i audiens av Kronprinsregenten. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet
I ettermiddag hadde presidenten politiske samtalar med statsminister Jonas Gahr Støre i representasjonsbustaden til regjeringa i Oslo.
Besøket er eit uttrykk for kor viktig det gode forholdet mellom Estland og Noreg er i ei krevjande tid. Estland og Noreg arbeider saman i FNs tryggingsråd. Begge land er rullerande medlemmer av Tryggingsrådet.
President Alar Karis har vore president i Estland sidan 11. oktober i fjor, og siste post på programmet under besøket var å stå for den offisielle opninga av dei nye lokala til Estlands ambassade i Oslo.
Aktuelle saker
Gjennom Østerdalen med Litteraturtoget
Hennes Kongelige Høyhet Kronprinsessen reiste i dag videre med Litteraturtoget på Rørosbanen. Toget stoppet i Alvdal og på Røros, og med seg på turen hadde Kronprinsessen både etablerte og unge forfattere.
Litteraturtoget på Rørosbanen
Hennes Kongelige Høyhet Kronprinsessen reiste i dag ut på tur med Litteraturtoget igjen. Den lille bokfestivalen på skinner går i år fra Elverum til Røros.